Legg inn oppskrift

Norges beste bakst 2017 er nå avsluttet.

Dersom du har en oppskrift du vil dele med oss, så er du velkommen til det.

Bringebærkrans

Annet blir best med Bremykt

Nydeleg krans med bringebærfyll og perlesukker på toppen.

Del på Pinterest

Denne oppskriften er spesiell for meg fordi

Denne kransen har eg hatt lyst til å lage heil sidan eg fekk kokeboka "Slikkepott" i julegåve for nokre år sidan. Men med kids som _alltid_ vil ha kanel og sukker skulle det ta nokre år før høvet baud seg. Eg har lete meg inspirere av biletet, men nytta mi eiga oppskrift på gjærdeig og mengder på fyll/topping.

Resultatet blei ei nydeleg flette som blei servert til gode naboar ved bassengkanten i Kuala Lumpur for eit halvårs tid sidan.

Fremgangsmåte

Slik gjer du:

1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. (Eg held som regel tilbake 50-100 g av kveitemjølet, og strør det over rett før utbaking.)
2. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
3. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
4. Dekk med eit lokk/tallerken og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
5. Kjevle deiga til eit rektangel på ca 40×50 cm.
6. Smør utover bringebærsyltetøy.
7. Rull saman til ei pølse på langs.
8. Del pølsa på langs, men la det vere igjen to cm i eine enden.
9. Flytt pølsa over på eit bakepapir.
10. Flett kransen ved å leggje den eine delen over den andre, slik at det blir tvinna.
Form ein krans.
11. Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i 15-20 min.
12. Set steikeomnen på 180 grader.
Pensle med egg og strø perlesukker på.
Steik i ca 30 min, til kransen er gyllen på undersida. Følg med og legg eit bakepapir over dersom kransen held på å bli brent.
13. Avkjøl på rist.
Pynt med ekstra bringebærsyltetøy på toppen før servering.

Ingredienser

Til 1 krans treng du:

500 g kveitemjøl
2,5 dl H-mjølk (lunka)
75 g sukker
1 ts salt
1 ts kardemomme
1 egg
1/2 pk tørrgjær
75 g smør i terningar
Fyll og topping:

ca 300 g bringebærsyltetøy
perlesukker
1 egg til pensling